Slippen


Kontaktpersonar:



Slipptelefon  99236438


E-post: post@fjellkystlag.no

Reglar for slippsetjing

Slippoperatørane frå Fjell Kystlag, som opererer slippen, arbeider på dugnad. Betalinga går uavkorta til kystlaget. Fjell Kystlag har inngått leigeavtale med Fjell kommune om bruk av eigedomen og administrerer opptak etter følgjande prinsipp:

1. Tinging
Opptak vert tinga ved å kontakta Fjell Kystlag si slippvakt, telefon 99236438. Medlemmer og ikkje-medlemmer er likestilt, og kan førehandstinga opptak så lenge dei vil i forkant. Alle vert sett på ei venteliste, og vert kontakta når slippen er ledig.

2. Tidspunkt og lengde på opptak.
Ein farkost kan stå oppe 3 dagar. Utover 3 dagar må avtalast med dei som operer slippen. Då kan det komme tillegg i prisen.  Registrerte fiskebåtar og havarister går framfor fritidsbåtar.

3. Utstyr og orden.
Det er tilgang på vatn og straum på slippen. Høgtrykkspylaren kan nyttast mot eit vederlag på kr 200 for båtar opp til 30´, 31-38´
kr. 300, 39-50´ kr 400 (sjå prisliste). Elles kan eige utstyr nyttast. Brukarane må rydde slippområde etter bruk, og avfall fjernast frå området.

4. Ansvarstilhøve ved opptak.
Alle som tar opp båtar gjer dette på eige ansvar. Fjell Kystlag står soleis ikkje ansvarleg for eventuelle skadar som følgje av uhell. Båteigarar må difor, før opptaket startar, skrive under på eit dokument der det vert stadfesta at opptaket skjer på den einskilde båteigar sitt ansvar.


5. Prisar.
Slippen har kapasitet på inntil 30 tonn. Sjå prisliste.

6. Betaling.
Betaling skjer til Fjell Kystlag sin bankkonto 3628.50.40226 etter opptak.


Prisliste:

Slippsetjing                                                      Leige av høgtrykkspylar:

Båtens lengde i fot

Pris

20

1100

21

1150

22

1200

23

1250

24

1300

25

1350

26

1400

27

1500

28

1600

29

1700

30

1800

31

2000

32

2100

33

2200

34

2300

35

2400

36

2500

37

2600

38

2700

39

2800

40

3000

41

3100

42

3200

43

3300

44

3400

45

3600

46

3800

47

4000

48

4200

49

4300

50

5000

Båtens lengde i fot

Pris

1-25

200

26-35

300

36-50

400

Her kan du tinga slipp. Oppgi navn , telefonnummer og navn på båten og båtens størrelse