Over 40 års aktivt arbeid for vern av den gamle kystkulturen. Fjell kystlag har teke vare på og restaurert tradisjonsrike bruksbåtar og naustmiljø. Laget vart starta 23. mars 1983 av ein flokk idealistar som såg verdien av den gamle kystkulturen vår, som den gongen var i raskt forfall. I dag disponerar dei ca. 100 medlemene eit representativt utval av gamle båtar og tre bygningar med lokalhistorisk sus... Giertsennaustet og Buanaustet på Ågotnes og Smio i Sundet - den gamle båtverkstaden på Storesund. Det staslege Giertsennaustet og den innhaldsrike smia inngår i eit heilskapleg kulturmiljø - knytt til dagleg liv og virke for vanlege menneske gjennom eit halvt hundreår - og kystlaget er ein viktig møtestad for alle som er interesserte i kystkultur.
Adresse:
Fjell kystlag
Postboks 38
5346 Ågotnes
Bankgioro : 36285040226
E-post: post@fjellkystlag.no
Fjell Kystlag
Vedtekter for Fjell Kystlag
1. Fjell Kystlag har som oppgåve å verna den gamle kystkulturen ved t.d. å
- ta vare på og restaurera tradisjonelle bruksbåtar,
- samla og ta vare på sjøbruksreidskapar,
- registrera og freista å verna gamle naustmiljø,
- samla tradisjonar omkring livet ved kysten.
2. Laget skal også arbeida for å spreia kunnskap om
kystkulturen ved t.d. å
- ta del i den årlege Torgdagen og Torgkvelden,
- skipa korte kurs i t.d. segling, tradisjonelt fiske,
stell av båtar o.l.
- leggja til rette for undervisning av skule-elevar.
- lage utstillingar med emne frå kystmiløet.
3. Det skal haldast årsmøte i laget innan utgongen av mars
kvart år. Innkallinga skal gå ut minst 3 veker før årsmøtet.
4. På årsmøtet skal det velgjast forman, fire medlemer og to
varamedlemer til styret. Styret vel sjøl nestformann,
sekretær og kasserar.
5. Årsmøtet skal kvart år godkjenna årsmelding og rekneskap som er avslutta til 1. mars.
6. Kontingenten vert fastsett på årsmøtet.
7. Laget kan verta medlem i landslaget Kysten.
Ågotnes, 24. mars 1983