Peren er ein motorbåt, bygd på Rolvsnes, Bømlo, i 1962/63, for Per Kåre Syltøy, Sotra. Den vart henta og slept heim av Normann (Skøragavelen på folkemunne), plassert på land i Breivika på Syltøy for å bli innsatt med tjøre, linolje og amerikansk terpentin. Etterpå monterte Hans Bjarne Syltøy motorfundament, dørk og styring. Hans Bjarne er same personen som var med og bygde Braunen.
Peren har hatt to Sabb-motorar, først ein 8 hk. På 1980-talet vart denne bytta ut med ein Sabb Diesel 10 hk. Sabb Motor AS hadde då eit godt innbyttetilbod for dei som ville kjøpa den nye motoren med startar og dynamo.
Peren vart brukt mellom Syltøy og Møvik av Per Kåre som arbeide skift på fabrikken i Hilleren, og måtte nytta privat skyss. Frå 1974 til 1993 vart båten brukt som altmoglegbåt ved Syltøy Fiskeoppdrett. I 93 overtatt av Per Magne Syltøy, som seinare leverte den til kystlaget etter avtale med Nils Risholm. Også denne båten har fått namnet sitt etter eigaren, Per Kåre Syltøy.