Braunen

Braunen


Havfolket på Sotra si vestside stilte ofte andre og eigne krav til ein båt. Då måtte det tingast ei sterkare og meir solid utgåve, eller ein laut byggja den sjølv. Simon Storesund på Syltøy ville ha ein slik båt, og sidan den ikkje fantes frå før, måtte han også designa den. Med ekstra sterke og grove materialar. Og motorbåtar på vestsida skulle vera kravellbygde, noko som gav større styrke enn dei klinkbygde. I eit naust på Syltøy gjekk Simon i gong, saman med nausteigar Hans Bjarne Syltøy.
Simon var ein flink snikkar, men hadde aldri bygd båtar. Hans Bjarne derimot, hadde jobba på båtbyggjeriet til Johan Hausberg, i Forlandsvågen, sør på Sotra. Men Simon var svært praktisk, og lærte fort.
Eigen design var ikkje minst dimensjonar på materialane. Båtbyggjarane på Syltøy tinga plank og utstyr frå Johan Hausberg i Forlandsvågen, eik til stilk og stemn høgde dei derimot sjølve på Syltøy. I naustet deira var det berre handverktøy, medan Hausberg hadde sag. Men det var stimkasse i naustet.
Borda i Hausberg sine båtar av denne storleiken var normalt 1 tomme tjukke. Simon Storesund kjøpte bord i 5/4. Også spanta var kraftigare dimensjonert enn normalt. For båten skulle tola ein trykk og måtte difor vera solid. Både som fiskebåt og bruksbåt, på sjø og under land. Men også oppunder andre båtar i open sjø i.s.m. levering til større føringsbåtar/skøyter, m.m.
Braunen stod ferdig i 1949. Frå starten av var det sett inn ein 6 HK FM bensinmotor.
Båten gjekk med denne motoren til 1956, deretter ein 8 hk Sabb diesel. No står det ein 10 hk Sabb diesel i, som kom til seinare.
Namnet Braunen kjem av at garden til Simon vart kalla Braunhaugen, som far hans, Karl Andreas Storesund (1889-1972), kjøpte i si tid. Den første eigaren av garden var kjøpmann Brown, som dreiv handel på naboøya, Lokøy, saman med familien Garmann. Derav namnet Braunen.
Ror, beslag, ratt, jernbeslag rundt heile båten, m.m. lagde Birger Storesund, smeden i Storesund. Dette var vanleg, då fekk dei også det slik dei ville. Dermed er heile båten laga lokalt.
Då glasfiber gjorte sitt inntog lagde Simon ei lita hytta framme på båten av dette materialet. Den kunne takast av.
Fram til slutten av 50-talet hadde båten brønn for levandefisk. Også det eigen patent, med 4 hol i botn av brønnen, to framme som tok vatn inn, to bak som slapp vatnet ut. Slik oppnådde ein sirkulasjon når båten var undervegs.
Simon sjølv malte båten blå.
Braunen vart brukt til småfiske med garn, liner, hummar- og krabbeteiner. Til utpå 60 talet.
Tidleg på 50-talet, før størjefiske med not kom i gong, såg folket på Syltøy både makrellstørje og kval. Braunen var sterk nok til å kunne utstyrast med ei kommandobru/skytekasse framfor baugen. Frå denne kassen skaut dei størja og springar/småkval med harpun (vekt opp til 200 kg).
Frå 1965 brukte Simon Braunen mest som skyssbåt, m.a. fordi han hadde hytte på Lokøy. Elles brukte han båten heilt til han døydde. Sonen, Tor Arvid Storesund, født 1960, overtok den deretter. Han eigde og brukte Braunen fram til ca. 2015.
Neste eigar var Kjell Arne Dyrøy, ein nevø av Simon og fetter av Tor Arvid. Han overtok båten og hadde den i 3-4 år, til vedlikehaldet vart for stort. Som medlem i Fjell Kystlag fanga Svein Arne Storesund den spesielle båten opp, og fekk den plassert på Ågotnes i kystlaget sine naust. Svein Arne Storesund er søskenbarn av Kjell Arne Dyrøy. I kystlaget har den vore oppbevart i 3-4 år. Laget har no søkt Riksantikvaren om å få båten freda, som første trinn i ein omfattande restaureringsprosess.