Øystein

Øystein

Lettbåt/loddebåt, 17 fot (5,10m). Bygd hos Askvik i Os i 1946. Båten blei levert med ein 4 hk FM-motor. Kjøpar var Lars Iversen Lie, som hadde 2 dorryar, 2 snurpenøter og denne loddebåten. Bruket hans leigde snurpebåt og var med på storsild- og vårsild-fiske i 1946 – 1949. Det var ikkje ekkolodd innstallert i båten.
Ivar Mathias Larsen Lie kjøpte båten frå dette bruket i 1952, og nytta den for å reise på arbeid til Hilleren fabrikker ved Vatlestraumen. Den blei også brukt til trollgarnsfiske og dorging, for å hente kokefisk.
I 1969 vart båten sett på land og etter ei tid blei motoren tatt ut og seld som skrap. Båten vart deretter gitt til Øystein Lie, som då budde i Oslo. Den vart ikkje sett i stand, og Fjell Kystlag overtok båten i oktober 2006. Sidan har laget skifta saum og montert inn ein 8-10 hk Sabb.

SABB motor vert installert

Ny øvste bordgang og rekke

Nytt akterdekk