Sørlendingen

Sørlendingen

Då Fjell Kystlag etablerte seg i Storesund følgde det med ei umåteleg fin sørlandssnekke, som ikkje uventa fekk namnet Sørlendingen. Motoren var berga og fekk sikkert eit nytt liv ein annan stad, men sjølve båten skulle på bålet.
Tilstanden var god, bortsett frå råteskadar i dekk og øvre bordgang. Den påmonterte vindskjermen var nok årsaka til mykje av roteproblema.

Til oss kom den før år 2000. Dugnadsgjengen fjerna vindskjerm, dekk og skvettgangar framme og bak, samt øvste bordgang, og erstatta alt med nye materialar. Etterpå vart båten malt og stelt. Kystlaget sette inn, som seg hør og bør i eit slikt smykke, ein Marna, 8-11 hk.
Snekka er 22 fot, lett og fint bygd, med koparsaum. Antatt byggjestad: Sørom Boknafjorden, ein gong etter krigen.

Hos oss har Sørlendingen vore ein god del i bruk, og fått mykje merksemd. Den entusiastiske dugnadsgjengen har tatt godt vare på båten.

No i 2025 ser vi enden på nok eit storarbeid, arbeid gjennom to vintrar har endå ein gong gitt Sørlendingen nye dekk framme og bak, og skvettbord/bue i eik.
Vi veit framleis lite om snekka sitt liv før den kom til oss, men den har truleg vore brukt til turar, og fiske, mest hobby. Som fiskebåt/yrkesbåt ville den truleg vore noko kraftigare og sterkare bygd.

Skifte av for- og akterdekk