Lokala våre

Lokala våre

Bygningane

Fjell Kystlag disponarar fleire historiske bygningar. Dei har stor kulturhistorisk verdi, samstundes som dei er i bruk og rommar kystlag si verksemd.

Gjertsen naustet


Det er i Gjertsen nausta vi har vår hovudaktivitet, med er båtlager og repararsjon av båtane. I andre etasje innheld snekkerverkstad med bandsag og elhøvel. Her er også lagerplass for robåtar og eit verktøykammer.  I tredje etasje er det lager for ymse ting som kan ha kulturell verdi,

Snekkerverkstaden

Robåt ut frå lager i 2. etasje

Vinterlaging og reperasjon av båtar

Vedlikehold av motorar

Gjersingnaustet på Ågotnes

Frå Vestnytt laurdag 3. mai 1997 i samband med Kulturminneåret 97

9. juni 1903 gjorde oppsitjarane på Ågotnes i Fjell ein avtale der dei «bortleier en nøstegrund
til Giertsen & Co, Bergen, 17 alen bred og 30 alen lang på et sted kaldes Mathopen.» Firmaet
fekk også rett til plass for «volling af sine nøter, dog ikke paa klipfiskbergene naar der er fisk
paa dem.» Vidare skulle dei ha lov til å trekkja opp og pussa båtane sine, plass til å barka
nøtene og finna stein til grunn under naustet. Den årlege leigesummen som skulle betalast til
grunneigarane. var kr. 15.-; d.v.s kr. l.- til kvar av dei. Viktigare enn leigesummen var likevel

at dei hadde teke seg unna førsterett til arbeidet. med bøting. barking og anna arbeid med

notbruket. Giertsen & Co var eit firma i Bergen som dreiv stort med bl.a. landnotfiske og
oppkjøp og eksport av sild og laks. Grunnen til at dei bygde seg naust for båtar og notbruk
på Ågotnes, var at hovud-basen deira Jakob Knudsen Agotnes, budde der.
Han hadde også eige notbruk og åtte ein part i ein av båtane deira. Denne skøyta heitte KNUT
og blei brukt som 1ossementsfartøy; d.v.s. eit fartøy som slepte notbruka til dei ulike
kasteplassane og der karane budde ombord under fisket. Jakob K. Ågotnes hadde og overoppsyn
med og leia notbøteriet på Gjersingnaustet. Dette overtok sonen hans Einar J. Ågotnes seinare.


Det vart eit stort naust Giertsen & Co bygde. Eigentleg er det 2 naust som er samanbygde.

Grunnen under det andre naustet blei tinglyst mange år etterpå i 1932. Nausta er i 2 etasjer

med loftsrom i tillegg over det eine. Dei er plasserte langs med eit lite nes slik at ein kunne

leggja inntil eine langsida med notbåtane for å ta i land nøtene. Tverrenden ligg ned mot sjøen

med store høge dører slik at ein kunne trekkja båtane inn i første etasje for vedlikehald.

På baksida var eit stort oppmura kar som ein kunne fyra under med ved og kol og der nøtene

vart barka oppi karet. Seinare bygde Giertsen & Co ei stor nothenge på Måseskjæret på andre

sida av Mathopen. Då gamlehenga var moden for utskifting, bygde dei ei ny henge på sørsida

av nausta der større båtar kunne legge inn til.

Det trengdes også store naust. Giertsen & Co hadde på det meste 6 notbruk, dei åtte 5 sjølve

og Jakob K. Agotnes hadde eitt. Eit notbruk bestod av ei landnot, ein notbåt og ein lettbåt.

I tillegg hadde dei mange henstandsnøter og orkastnøter. Dei eldste notbåtane var spisstevningar,

men dei ble avløyste av gavlbåtane. Firmaet hadde 8 oselvarar som lettbatar. Namn på. båtane
var slike som LAKSEN. SILDEN. KV ALEN, TERTEN og HAVFRUEN.

Forutan KNUT som var motordreven og som dei eigde saman med Jakob K. ågotnes, hadde dei og

ei skøyte som heine ETHEL WING. Den blei seinare bytt ut med ei ny skøyte som blei kalla

MATHILDE etter dottera til Jakob K. Ågotnes. MATHILDE var bygd på Hanevik på Askøy. På grunn

av alle problema i samband med bygginga og konstruksjonen av baugen som blei heilt rett istaden
for ein svak bogeform, var det ein som kalla skøyta ein «skandale», og dermed blei namnet

Skandalen hengande på henne.


Når alle nøtene skulle reingjerast, barkast. bøtast og lagrast, trengde ein mykje plass til dei ulike

arbeidsreparasjonane. Det varogså. mykje arbeid med kaggar og anna utstyr som hørde med.

Båtane skulle også på land og skrapast og vedlikehaldast. Det var stort behov både for plass og

arbeidskrefter. Arbeidet på Gjersingnaustet var ofte delt i to «onner», ei om våren og ei om

hausten. Det grøvste av arbeidet blei gjort om våren når vinter-og vårsildfisket var slutt. Resten,

t.d. bøtinga og klargjeringa til neste sesong fekk venta til hausten. Om sommaren måtte

gardbrukarane vera heima for gjera slåtten, vakta makrellen og sjå til lakseplassane. Familiefedrane

og dei eldre som var arbeidsdyktige, bøtte og ordna nøtene, medan dei unge mennene gjerne

arbeidde med vedlikehald av båtar og utstyr. Giertsen & Co hadde t.d. 130 kaggar som skulle

malast og påførast firmamerket: *J*G*. Det same merket var påmalt kassar og alt anna utstyr også.

Arbeidet på naustet gav kjærkomne ekstra kontantinntekter for folket på Ågotnes. Somme var med

på fisket, andre var vakter på henstandslåsa, isinga eller dei var med på håving av silda utover

våren. Vinter-og vårsildfisket, håvinga, naustarbeidet med bøting og vedlikehald, makrellen i

Tranevågen, lakseplassane og inntektene av jordene førte til at folk på Ågotnes jamnt over
hadde det relativt godt i vanskelege perioder i mellomkrigstida. Dei fekk også meieri eller

innvegingsstasjon for mjølka si, slik at dei dei slapp det tidkrevande arbeidet med foredling av

mjølka og omsetjinga som dei stod forsjølve ved å reisa til Bergen og selja der.


Etterkvart vart driftsmåtane i sildefisket endra. Kasting med landnota frå gavlbåtane vart avløyst

av motordrevne fiskebåtar med snurpenot og doryar. Etter siste krigen kom Islands-og

Grønlandsfisket med enda meir utstyr. I 1950-og byrjinga av I960-åra var det stor aktivitet på

Gjersingnaustet store delar av året. Men etter at kraftblokka vart teken i bruk og nøter og utstyr

av nylon og anna kunstmateriale overtok, vart behovet for Giersingnaustet mindre. Det var også

for grunt utanfor naustet til at fiskebåtane kunne flyta inntil. Oppsitjarane på Ågotnes selde dei

gamle fellesområda kring Mathopen og Tranevågen til Fjell kommune samla det ut til

industriføremat. I byrjinga av 1970-åra starta N amtvedt ferdighusfabrikk her. Gjersingnausta

blei brukt til materiallager - ein ny tidebolk var komen.


Jakob. E. Ågotnes


Kjelda for denne artikkelen om Gjersingnaustet var: Jakob G. J. Ågotnes. Pantebok Sorenskrivaren

i Midhordland 1903-05.


Frå Vestnytt laurdag 31. mai 1997 i samband med Kulturminneåret 97


Fyrste del av denne soga sto i VestNytt laurdag 3. mai 1997


I den bolken A/S H. Namtvedt dreiv ferdighus-fabrikk pa Ågotnes var det ikkje tradisjonell aktivitet

i naustet, og 2. høgda vart m.a. nytta til fjernarkiv. Det vart utført lettare naudsynt vedlikehald

som t.d. skifting av knuste ruter, men etter at verksemda til ferdighusfabrikken vart lagt ned,

vart naustet ståande i fleire år utan tilsyn. Bygningane vart heimsøkt av hærverk og innbrot, og

forfallet greip om seg med m.a. store lekkasjar og roteskader.


I 1976 vart Torgdagsnemnda i Fjell skipa. Nokre entusiastar såg verdien i å berga og restaurera

tradisjonelle bruksbåtar, samla og ta vare på sjøbruksreiskapar og freista verna gamle naustmiljø.

Desse eldsjelene fekk etterkvart hand om spisstevningane «ULABRAND» og «STYRK», -som vart

berga fra eit jonsokbå1 i Øygarden, og 2 store gavlbatar «NORDEN» og «HAVFRUEN» på ca.32 ft.

«NORDEN» kom frå Nordvik i Fjell.og merket H-156-F er framleis på plass i baugen. Fra Vindenes

kom det to rolettbatar etter «BORGHILD»-bruket (H-82-F) og fra Knappskog fekk dei ein færing

(oselvar) fra ca. 1910 på 10 alner saman med mykje verdfullt utstyr,som t.d. fiskekister, glip,

eikekaggar, segl og glaskuler. Dette utstyret og båtane kravde lagerplass, og gode kontaktar

gjorde at ein fekk lagra det i Giertsennaustet.


Den 18:august1980 overtok A/S Coast Center Base Ltd. & Co. (CCB) Giertsennaustet og

området rundt (Mathopen) fra A/S H. Namtvedt.


CCB trong meir areal og ville fylla ut Mathopen. Her hadde mange av innbygjarane på Ågotnes

båtplassane sine, og det kom fram ulike interesser for korleis området burde nyttast.

Som ei følgje av dette vart Ågotnes Båtlag skipa.


Lagnadstid

Ein kan vel seia at åra 1980 -1982 var ei lagnadstid for Giertsennaustet. Bygningane var

i såelendig forfatning at dei var begynt å siga saman mot kvarandre etter langvarige lekkasjar

i taket og spesielt i sløysen mellom dei. Skulle nauslet bergast var det klart at det måtte

omfattande vøling til, og at dette ville kosta mykje både av arbeid og materiell. Tilstanden

var så prekær at det hasta å koma igong med vølinga. Dersom det skulle vera von om å berga

naustet. Samstundes var del klart at CCB hadde bruk for plassen til industriføremal.


Den gamle og nye tida stod her andlet mot andlet. CCB åtte eigedomen og hadde bruk for han,

men samstundes var det viktig å ha eit godt og ryddig forhold til lokalbefolkninga. Leiinga ved

CCB såg det verdfulIe og viktige i å kunna vera med å bevara naustet og den flotte samlinga
som etterkvart var lagra innvendig.


Den 18. november 1982 vart det skriven under ein svært viktig avtale mellom CCB,

Torgdagsnemnda og Ågotnes Båtlag (ÅB) i om bruk av Giertsennaustet. Avtalen var inndelt i

8 punkt. og mellom anna tok Torgdagsnemnda og ÅB på seg å utføra storparten av vølingsarbeidet
på dugnad, medan CCB skul1e bera materialkostnadane. I første omgang løyvde CCB 100.000 kr.,

og Fjell kommune v/kulturstyret 1øyvde 20.000 kr.


Naustet var berga !!!


Avtalen omfatta også Malhopen hamn, og CCB bygde ein molo på austsida av hopen slik at ÅB

fekk ei godt skjerma og tenleg småbåthamn. Ein periode med stor dugnadsaktivitet følgde.

Det rådde stor optimisme. pågangsmot og entusiasme, og det finst dokumentasjon på at 70 personar
i større og mindre grad arbeidde pa dugnad. Arbeidet vart organisert av ei gruppe på 3 personar,

ein fra kvar av dei 3 partane som hadde inngatt avtalen, -i samarbeid med ein arkitekt fra

fylkeskonservatoren sitt kontor. Det vil føra for langt å gå i detalj om alt som måtte gjerast,

men i grove trekk kan nemnast at naustet måtte jekkast opp slik at det kunne byggjast
ny berande skiljevegg innvendig. Taket måtte også skiftast, og det vart leita etter høveleg takstein

på gamle hus, løer og naust over heile Sotra.


Fjell kommune hjelpte til med arbeidskraft gjennom ekstraordinære sysselsetjingstiltak, og ved fleire

høve seinare har ein også drege nytte av arbeidskraft gjennom kommunale sokalla SKAP og

KAJA-midlar. Samstundes kom det på plass ny flytebryggje og småbåthamna, slik ho er i dag,
byrja å ta form. Dette arbeidet vart avslutta i 1øpet av 1984. og naustet var bevart i same form

som det vart bygd.

Hengjo syd for naustet var etterkvart i så dårleg forfatning at mange meinte ho var direkte farleg.

Taket, bordkledninga, trappene og golvet måtte skiftast. Dugnadsgjengen hadde ikkje kapasitet

til å gå laus på end a eit storarbeid, og viljen var kanskje heller ikkje sterk nok. Samstundes såg
ein at tomten kanskje kunne nyttast til vinter-opplagsplass for småbåtane, og Hengjo vart difor riven.


Miljøet ved Mathopen mista dermed ein viktig bit av heilskapen. og ein kan i ettertid sjå at dette var

svært uheldig. I 1990 var det enno ein gong klart at naustet måtte vølast. Det hadde over tid vorte

nye lekkasjar i taket, og den gamle taksteinen måtte skiftast ut med nytt aluminiumstak til ein

kostnad på 120.000 kr. CCB betalte dette. Under orkanen 23. januar 1994 bles det nye taket

med plater, lekter og det heile, på sjøen. Ein ny omgang med reparasjon måtte til, denne gongen

stort sett dekka av forsikringsoppgjer.


I 1994-95 fekk naustet ny bordkledning til ein verdi av omlag 80.000 kr. Det vart også arbeidt nye

dører, vindaugo vart ordna, og naustct vart måla. Arbeidet vart også denne gongen gjort pa dugnad

og i samarbeid med Fjell kommune gjennom tidlegare omtala KAJA-midlar.



Bruken av naustet.

Avtalen mellom CCB, ÅB og Torgdagsnemnda gjev detaljert informasjon om kven som kan disponera

naustet og korleis dette kan gjerast.Mellom anna er 2. høgda i søre naustet eigna som forsamlings

og møtelokale for dei laga som har tilknytning til miljøet. Dette er lokale som har vorte nytta ved

ulike festlege samkomer av sosial art, og også til undervisning, utstillingar og den kommunale

ferieklubben for born.


Nye brannforskrifter gjer at det no ersterke begrensingar for korleis naustet kan brukast som

forsamlingslokale. For å koma skikkeleg fram til naustet, er den gamle utskiftingsvegen opparbeidt,

og det er sett opp veglys heilt fram til naustet. Arbeidet med dette vart avslutta i 1987, og alt vart

utført på dugnad. I 1989 kom det ny slipp på sørsida av naustet. Både kostnadane og arbeidet vart

gjort av ÅB, og slippen gjorde småbathamna enda meir attraktiv. Dette året vart også golvet i

1. høgda i søre naustet støypt, og dette har gjort det mykje enklare, triv1egare og tørrare å arbeida

med båtane i vinterhalvåret.


Fjell Kystlag (FK) er i dag største brukaren av naustet. Laget vart skipa i 1983, og overtok då alle

midlar og eigedom som Torgdagsnemnda åtte. Laget vart skipa for å få ei fastare organisering av

aktivitetane. Samstundes som desse vart utvida saman med nye vedtekter.


FK har «basen» sin i Giertsennaustet. og her er det vedlikehalds-og restaureringsarbeidet på dei

gamle båtane går føre seg. Laget rår i dag over 20 båtar og mykje utstyr. Det er ikkje plass i naustet

til alt dette, men dei båtane og utstyret som er under vøling og i bruk kvart år, er lagra her.
FK har faste dugnadsøkter kvar veke. Naustet er heilt fullt. Det er ulikt utstyr og båttyper som

færingar, sekseringar, spisstevning, gavlbåtar, lettbåtar, sjekter, eine dorryen fra

«LIGRUNN»-bruket, ein livbåt osb.


I tillegg er det i 1. høgda i nordre naustet ei «mekanisk» avdeling der ein vøler gamle spel, båtmotorar

ol. Utanom det som før er nenmt er det i 2. høgda innreia ei kombinert verktøybu og seglloft.


3. høgda er innreidd med boder som vert nytta av medlemene i ÅB og FK. Der er også lagra tauverk

og anna utstyr som er «inventar» fra den tida Giertsen åtte naustet.


Eigaren av naustet og området rundt, -CCB-, har som intensjon å ta vare på naustet og miljøet også

i framtida. Dei har liten plass. men ser likevel verdet av å ha ein tilknyting til historien og på ein aktiv

og positiv måte kunna bidra til å bevara eit skikkeleg miljø og ta vare på kulturarven.


Framtida ser dermed lovande ut for Giertsennaustet. Huset er i svært god stand, og er i seg sjølv ein

solid dokumentasjon på utviklinga gjennom dette århundret. Det er no opp til brukarane og alle som

er interessert i kystkulturen å føra arven vidare.



Johnny Eid

Buanaustet er Fjell Kystlag sitt nøst.

Det er oppført på dugnad og er gjeldfritt

 Buanaustet under oppføring

Buanaustet, første etasje begynner å ta form. Her er naust og motorverkstad

Motorvekstaden er ferdig

Klubblokalet i 2. etasje med plass til 50 gjestar og ein eigen kjøkkenkrok med komfyr og oppvaskmaskin. Vi ha dekketøy til full middag, dessert og kaffi til 50 personar

Storesund


Her har Fjell Kystlag eit naust ein slipp og ein gammelt vekstad som er no eit museum. Her kan vi ta opp båtar opp 50 fot.

I naustet er det  eit motorverksted og motorlager.

I ander etasje er det eit møtelokale med et lite kjøkken. Her er og dusj og toalett.

Det er kommunen som eig stedet og naustet, men det Fjell Kystlag som eier slippen og museumvekstaten.

 Det er Fjell Kystlag som har bygget opp hele anlegget på dugnad.


Storesund

Storesund -Syltøyna eit møte med vår nære kysthistorie. Her handla det om å laga mykje av lite...

Smia og strandområdet den står på var selt ut av familien Storesund tidleg på 1980-talet. Fjell kommune og
Fjell Kulturminnelag overtok smia, og etter en del år vart den overført til Fjell Kystlag. Kulturminne som ikkje
er i bruk, forfell fort, og det må til ein god del arbeid for å setja hus og utstyr i fullgod stand.
Men sjølv om mykje er i forfall, har vi her ein levande dokumentasjon på var nære fortid, på korleis folk med
enkle midlar klarte å laga funksjonelle 1øysingar.

Ved sida av smia ligg ei kystkulturperle i privat eige, N.O.P. Storesund Landhandel. I lokala finn vi i dag ein
velhalden og interessant presentasjon av båtmotorar, landhandel og postkontor. Den som ønskjer å gjenoppleva
eit ekte kysthistorisk miljø, kan etter avtale med Egil Storesund få omvising i landhandelen. tlf 56333846,




Smia

Her dreidde det seg om dreiing og svelsing. Smia vart bygt ca 1927 av utrangert utstyr som vart flytta hit frå
Hermansverk i Sogn. Føremålet med smia var først og fremst reparasjon av båtutstyr og båtar på slippen utanfor.

Birger Storesund dreiv smia til han døydde i 1960.

Ein gammal oppfyringsmotor på vestveggen av smiebygningen dreiv smia om dagen. Når det mørkna fekk dei
nok straum frå lysverket på Skålevika. Først i krigsåra fekk dei nok straumtilførsel. Motoren vart då fjerna.


Mykje av lite


Birger var ein tusenkunstnar som fekk til det meste, og han sat ofte til langt utover kveldane og teikna og konstruerte.
Då radioen kom til øya, lytta han gjerne til musikk medan han klekte ut praktiske, rimelege 1øysingar som kunne
letta kvardagsslitet. Han laga båtmotorar og båtutstyr -som regulatorar i messing til Rubbmotorane, vinsjar til doryane
(til å snurpa nota saman med), notruller og handspel. I tilknyting til smia hadde dei ein slipp for båtar inntil 55-60 fot,
og her var det stadig innom båtar for smøring og reparasjon.

Til lysverket på Skålvika laga Birger beslag og anna utstyr, og hadde vedlikehaldet på turbinane der. Vidare hjelpte han
Gunnar Monsen med reparasjon av rutebilane i rutebilgarasjen på Møvika. Han konstruerte og ein vinsj med to stag som
han prøvde å få patent på. Vinsjen vart leigt ut til vegarbeid og byggjearbeid, blant anna brukte Alfred Andersen den da
han bygde Ulveset skule. (Vossa-vinsjen byggjer på same prinsipp som denne vinsjen.) Birger laga og portar og flaggstenger,
og dei pryder framleis uteområder ved bedehus, skular og private hus.

Odd G. Storesund var med faren i smia gjennom heile oppveksten, og lærde reparasjonsarbeidet heilt fra grunnen av.
Han overtok drifta da Birger døydde, og dreiv smia til ca 1980. Odd hadde vedlikehald på gamle båtmotorar og laga praktisk
utstyr til hus og heim - som portar, blandemaskiner, flaggstenger og klessnorstativ. Då Mowi etablerte fiskeoppdrettsanlegg
ved Møvika, begynte han i arbeid der og brukte smia til vedlikehaldsoppdrag for Mowi.