Ole H

Dorry Ole H (Norig)


Ole H. er ein av dei siste kulturskattane våre, ein snurpedorry på 32 fot, bygd i Tresfjorden i Romsdal. Den vart tatt i bruk i 1952, og høyrde til snurpebåten NORIG frå Sotra.
Eit fiskefartøy hadde to slike for å setje ut nota, ein babord dorry og ein styrbord. På 1960-talet opphøyrde dorrydrifta, nota vart då sett ut frå hovudfartøyet (slik den framleis vert).
I 2013 fekk Fjell Kystlag båten i gåve frå Hans-Magnar Lie. I 2023, 10 år seinare vart den restaurerte båten sjøsett på Ågotnes. Hans-Magnar svinga sjølv sjampanjeflaska (alkoholfri) og døypte den Ole H. Dermed var båten klar til Open dag 3. juni dette året og Torgdagen i Bergen 17. juni. I ettertid har den vore mykje brukt til turar med store og små.

Dorry frå snuparen Norig hentes ut frå naustet på Telles, Sotra 2014, der båten hadde stått i 50 år. 


Roteskade i stilken og kjølen blir reparert

Skadane er reparert

Innreiing av båten

Ny motor klar til montering

Båten klar for sjøsetjing

Dorryen på tur med elevar