Namn: FRI
Eigar: Fjell Kystlag (frå 2025)
Formål: Formidla kystkultur gjennom bruk, friluftsliv.
Siste eigar: Arne Rossabø, aktivt medlem i Fjell Kystlag, eigde båten frå 2017-2025
Byggjeår: 1910
Byggjestad: Bjørkedalen, Volda
Materiale: Furu
Lengd: 32 fot
Båttype: Kutter
Motor: Marna M2 24 HK, diesel, to sylindrar
Brukt til: Torskefiske, m.m.
Då Arne Rossabø kjøpte båten var den altså over 100 år. Difor er det mykje vi ikkje veit om den, men engasjementet med å fram skaffe slik informasjon er no stort. F. eks. veit vi at den ikkje alltid har heitt FRI, den har hatt fleire motorar og har heilt sikkert vore brukt til meir enn torskefiske.
Båten er restaurert av Rune Husebø på Nordfjoreid. Han skifta mykje over sjølinja, nytt dekk, nye rekke, delvis nye spant, nytt styrehus, alle mekaniske overføringar, m.m.
Arne har montert nytt navigasjonsutstyr, nye lanterner og sydd nye puter.
For ein privatperson skal det no byggjast ei heilt ny og identisk utgåve av FRI. Det skal skje ved Museet Kystens Arv i Trondheim, som har eit aktivt båtbyggjeri med namn Båtskott Trebåtbyggeri, der det vert bygd tradisjonelle norske klinkbygde båtar på bestilling.
Gunnar Holmstad frå Stiftelsen Nordnorsk Fartøyvernsenter og Båtmuseum har laga 3D-teikningar til båtbyggjarane.