Sigvarten kjem frå Fjæreide på Sotra, og er eit av våre noverande båtprosjekta. Eigaren var Sigvart Fjæreide. Eit medlem i kystlaget kom over den skrøpelege, men for oss verdifulle båten. Den er gamal, opphaveleg ein liten robåt for not, bygd tidleg på 1900-talet
I utgangspunktet var det sjølve motoren, ein 4 hk Sabb, vårt medlem hadde interesse av.
Byggjestad er ukjent, men byggjemåten, der dei rette bordskøytane er sett beint mot kvarandre med lask på innsida (stu mot stu), tyder på Sunnhordland/Rogaland. Frå Sunnhordland og nordover vart bordgangane skråskjerte i skøytane, iflg. Reidar Kausland i kystlaget.
Då båten vart sjøsett på Fjæreide lak den meir enn normalt, sjølv for ein robåt som hadde stått lenge på land, og måtte straks takast opp att. Men vi fekk prøva den nok til å erfara at båten var lett og fin å driva. Dette skjedde rundt år 2000. Sidan har den periodevis vore under arbeid i eit av nausta våre på Ågotnes.
Første runde med restaurering omfatta dekk og esingar. Båten såg etter dette ut som ein fin liten motorbåt, og laget drog av garde til Torgdagen. Med den same Sabben som før. Men båten tok framleis inn vatn, og det måtte ausast heile vegen.
Igjen bar det på land, og no gjekk vi meir grundig til vers, med skifte av spant, nokre botnbord og nytt motorfundament.
Sigvarten skal på sjø når attståande dugnadsarbeid er unnagjort, kanskje i 2025.
Kvifor var så Fjell Kystlag interessert i ein slik båt? Og kva gjorde ein 4 hk Sabb Diesel i ein liten robåt?
Etter krigen var det rasjonering på motorar, seinare vart tilgongen betre. Kvifor ikkje prøva med motor i ein robåt også, har nok eigaren tenkt. Som mange andre. Båten vart bygd om for propellutrustning og motorfundament montert. Dette skjedde truleg i 1955, for Sabben har dette årstalet stempla i motorramma, då var den truleg ny. Som notbåt var Sigvarten kanskje litt sterkare enn ein vanleg robåt, men den var trass alt bygd for årer, og ikkje ein tung Sabb. Botnen og rammeverket vart nok for svakt.
Seinare viste det seg at lettbygde påhengsmotorar var betre eigna for båtar bygde for åreframdrift.
Men båten representerer ein viktig overgangsperiode her på kysten, som det er vel verdt å dokumentera. For ei slik ombygging til motor kunne gå bra, eller det kunne skje at båten ikkje tolte den. Det var avgrensa kva folk visste om slikt, og ikkje lett å bedømma kva som var rett eller godt nok, også for meir kyndige personar, ja, sjølv for oss i kystlaget.
Laget har derimot ein annan robåt, ein seksæring, den er originalbygd som motorbåt i Os (Søvik) alt rundt 1920, og dermed sterk no til å tola ein motor. Båten er dermed ein av dei første robåtane som vart bygd for motor.
Skifte av spant, nokre botnbord og nytt motorfundament.