Sotrabuen

Sotrabuen

Bygd i 1939 i Nordland. Då var namnet "Venus" og båten hadde heimehamn i Ulvåg. Rigga for kvalfangst i 1941. Brukt til linefiske i Lofoten og sildefiske med garn. Den vart også brukt på Finnmarka med line og juksa. Seinare blei båten kjøpt av rederiet på Liaskjæret. Fjell Kystlag overtok båten 5. august 2007 som gåve frå Lie management.


Tiltak som Fjell Kystlag har gjennomført er:
•Lasterommet er omgjort til lugar
•Båten har fått nytt dekk
•Byssa er oppgradert med nytt kjøleskap og komfyr
•Toalettet er bytta ut og septiktank installert
•Over dekket framme er det montert kalesje slik at brukarane kan stå under tak på regnfulle dagar
•Båten har fått fornya navigasjonsutstyret
•Sikkerheitsutstyret er oppgradert
•Motor har det siste åra gjennomgått ein skikkeleg overhaling med blant anna reinsing av drivstoff-tankar, utskifting og oppgradering av drivstoffsystemet, overhaling av dieselpumpa, nye dieselfiltre, vassutskiljar og nye dyser. I tillegg gjennomgang av kjølesystemet med nye anodar.
•Lekkasje i akterstamnen førte til råteskade i dekksbjelkar og garnering. Ein omfattande reparasjon er gjennomført med skifting av dekksbjelkar, garnering og innfelling av nytt materiale i spant.

Nytt dekk blir lagt

Lasterommet gjort om til lugar

Råteskadar i hekken

Rådeskadane er reparert 

Ny garnering, dekksbjelkar og nytt dekk på plass

Slipping av MK SOTRABUEN hausten 2024

MK SOTRABUEN, sjølve moderskipet vårt, er den største av Fjell Kystlag sine 27 trebåtar.
Hausten 2024 vart den igjen slippa for nødvendig vedlikehald, på kystlaget sin eigen slipp i Storesund. Slippen tar båtar på opptil 50 tonn og 15 meter, og hadde besøk av over 60 båtar i 2024.
På dugnadsmøte etter sommarferien sette vi saman eit team for arbeid i maskina, m.a. vedlikehald, elektrisk arbeid inkl. landstraumanlegg, reingjering i kjølen, skroggjennom-føringar. I tillegg eit team for trearbeid, m.a. ny stamn og skrogarbeid, ror og rorhylse, priming, bunnsmurning, nytt toalett, mm.


Arbeidet tok seks veker, det aller meste på utvida dugnadsinnsats:

•Reparasjon av råteskade i forstamn
•Nytt ror (makk i det gamle)
•Reparasjon av lekkasje i rorhylse
•Pussing og lakking av skrog
•Priming og bunnsmurning av skrog og beslag
•Reingjering av maskinrom
•Elektrisk arbeid inkl. landstraumanlegg
•Sjekk og skifte av skroggjennomføringar
•Montere zinkanodar


Båten vart bygd i Nordland i 1939, då var namnet ‘Venus’. Rigga for kvalfangst i 1941. Brukt til linefiske i Lofoten og på Finnmarka, samt til juksa og sildefiske med garn. Seinare vart den kjøpt av reiarlaget LieGruppen AS i Øygarden. Dei gav den som gåve til Fjell Kystlag i 2007.
Fjell Kystlag legg altså ned eit betydeleg arbeid med vedlikehald og reperasjonar. Sidan 2018 har vi hatt utlegg på ca. kr 300.000,- på Sotrabuen til reperasjonar, vedlikehald og fornying av båten. Fleire hundre dugnadstimar har gått med til dette arbeidet.

Nytt ror

Nytt ror montert

Rådeskadane i stamnen


Ny stamn på plass


Klar for sjøsetjing