Bjarne

Bjarne

Kom ny til Bergen med 'Sandnes', hugsar Bjarne som då var 13 år. Faren, som var fiskar, stod i båten då denne vart heist ned på sjøen,
og det reagerte folk på. Slikrt måtte vera farleg, men Ole Vindenes var vant med arbeid i dorryar, og då var det vanleg å vera om bord både når dei vart låra og heist opp att.
Deretter vart båten slept til Vindenes, der det vart sett i motor, først ein 5-9 Sabb, deretter ein heilt ny 10 HK Sabb i 76/78 (sjekk år på plate). Denne vart fullt overhalt i 2000, plukka frå kvarandre og fekk nye pakningar, mm. Frå starten av var den uten overbygg, men det vart laga og sett på etter at den kom til vindenes. Båten stod på land kvar vinter.
Etter klargjering og bunnsmurning i februar/mars vart den sjøsett og tatt i bruk til lyrefiske med garn heile våren. Om sommaren tok den ombord landnot for makrell og sild.
Midt på sommaren var den igjen på land for bunnsmurning.Fiskerinr. var H 112 F. Faren jobba om vinteren som notbøtar på Hans O. Vindenes sine notbruk. Bjarne overtok båten på 90-talet, og har spikra opp att heile botn. Alle spikarhola vart tetta med trepluggar. Bjarne, født 1941, brukte båten til hobbyfiske.
Gav den til kystlaget i 2019 då han ikkje lenger kunne bala med den.