Over 40 års aktivt arbeid for vern av den gamle kystkulturen. Fjell Kystlag har tatt vare på og restaurert tradisjonsrike bruksbåtar og naustmiljø. Laget vart starta 23. mars 1983 av ein flokk idealistar med stor sans for den gamle kystkulturen vår, som den gongen var i forfall. I dag disponerar dei ca. 100 medlemmene eit representativt utval gamle båtar og tre-bygningar med lokalhistorisk sus. Giertsennausta og Buanaustet på Ågotnes og Slippen og Smio i Sundet. Dei staselege Giertsennausta og den innhaldsrike smia inngår i eit heilskapleg kulturmiljø - knytt til dagleg liv og virke for vanlege menneske gjennom mange tiår.
Adresse:
Fjell kystlag
Postboks 38
5346 Ågotnes
Bankgioro : 36285040226
E-post: post@fjellkystlag.no
Årsplan for Fjell Kystlag med faste aktivitetar.
Januar
Første dugnad første onsdag i januar
Februar
Innkalling til årsmøte med rekneskap, årsmelding og medlemsfaktura
Skrei-kveld
Mars
Møte i Langøy komiteen
Årsmøte med medlemsmøte
April
Sjøsetting av båtar
Mai
Tur med Funksjonshemma
Torgdagen
Juni
Tur til Bøvågen
Sommaravslutning nest siste fredag
Juli
August
Dugnad startar opp etter sommarferie
Onsdag før Langøy: forberedelse til Langøymarkanden
Fredag før Langøymarkanden: dugnad på Langøy , mottak av utstillarar
Langøymarkanden siste helgen i august
September
Tur med funksjonshemma
Oktober
Høstfest
Båtane på land
November
Desember
Nest siste onsdag siste dugnad før årsskifte
Nest siste fredag Juleavslutning med lotteri
Fjell Kystlag
Vedtekter for Fjell Kystlag
1. Fjell Kystlag har som oppgåve å verna den gamle kystkulturen ved t.d. å
- ta vare på og restaurera tradisjonelle bruksbåtar,
- samla og ta vare på sjøbruksreidskapar,
- registrera og freista å verna gamle naustmiljø,
- samla tradisjonar omkring livet ved kysten.
2. Laget skal også arbeida for å spreia kunnskap om
kystkulturen ved t.d. å
- ta del i den årlege Torgdagen og Torgkvelden,
- skipa korte kurs i t.d. segling, tradisjonelt fiske,
stell av båtar o.l.
- leggja til rette for undervisning av skule-elevar.
- lage utstillingar med emne frå kystmiløet.
3. Det skal haldast årsmøte i laget innan utgongen av mars
kvart år. Innkallinga skal gå ut minst 3 veker før årsmøtet.
4. På årsmøtet skal det velgjast forman, fire medlemer og to
varamedlemer til styret. Styret vel sjøl nestformann,
sekretær og kasserar.
5. Årsmøtet skal kvart år godkjenna årsmelding og rekneskap som er avslutta til 1. mars.
6. Kontingenten vert fastsett på årsmøtet.
7. Laget kan verta medlem i landslaget Kysten.
Ågotnes, 24. mars 1983