Årsmelding 2011

 

Styret for 2011 var slik samansett:

 

Leiar                : Torgeir Evjen

Styremedlem  : Kristian Nordtveit                  Nestleiar

Styremedlem  : Anne Grete Aase Eide         Kasserar

                                                                              

Styremedlem  : Svein Arne Storesund          Skrivar     

Styremedlem  : Nils Risholm

 

Varamedlem   : Helge Skoge                       

Varamedlem   : Karsten Solsvik                   

 

Valnemnd       : Inge Kolltveit

  Svein Tore Solsvik 

                          Einar Ingebrigtsen               

 

Revisor           : Torill Solsvik

 

Festnemnd       Kristian Nordtveit                 Leiar  

  Hans Olav Fjell       

                          Kjell Erik Nilsen

 

(I styret for 2011 står Nils Risholm og Anne Grete Aase Eide på val. Leiar og varemedlemmer står på val kvart år.)

 

Styremøter:15. februar, 21. april, 10. juni, 23. september, 26. oktober,23. november og  20. januar samt 20. februar 2012.

 

Det vart halde 2 medlemsmøter, eit etter årsmøtet og  eit 2. november.

 

Kystlaget har delteke på følgjande arrangement:

 

§  Torskekveld på Langøy Kystkultursenter: 19. mars

§  Styremøte Forbundet Kysten på våren

§  Torgdagen 20.juni

§  Forbundet kysten sitt landsstevne i Egersund frå 21. – 24. juli

§  Havfestivalen på Storesund

§  Langøymarknaden 27. - 28. august

§  Krabbekveld 14. oktober

§  Juleavslutning 14. desember

 

I sommarsesongen stod Kystlaget som ansvarleg for drifta av søndagsopen kafé på Langøy Kystkultursenter.

  

I år 2011 var desse båtane på sjøen: Sotrabuen, Sigvarten; Osvalden ; Ole P og ein færing 

 

Dugnaden i Gjertsen-naustet har hatt godt frammøte, mellom 10 -15 deltakarar på dugnader i vårsemesteret. Arbeidet har vore å restaurera Ole P og Norden  etter omfattande roteskader, samt sett motoren i  ”Sigvarten” og gjort båten klar for bruk. Arbeidet med Sotrabuen har vore å legge nytt dekk, samt rydda maskinrommet og innreida rommet til lugar. Arbeidet med nye master er kome godt i gang. Det er blitt rydda utanfor Buanaustet. Innreiding av verkstaden i naustet er no godt i gang. Investering på naustet har siste år vore ca kr 30.000,-

 

På slippen i Storasundet har operatørane Nils Risholm og Terje Larsen hatt oppe over 50 båtar i 2011.

 

Kystlagsdamene arbeider med baking, strikking, toving og foto. Bakegruppa har baka skillingsboller og lefser som laget har solgt på torgdagen og Langøymarknaden.

 

Også i 2011 vart det gjennomført ei rekke kurs. Dette både ifm bygging av Buanaustet, reparasjon av trebåtar, vedlikehald av motorar og kurs ifm opplæring for drift av Sotrabuen. Også i år har 4 av laget sine  båtar blitt  lagra i naustet til Hans M. Vindenes vederlagsfritt.

 

Laget har ved utgangen av året 80 medlemmar og 9bedriftsmedlemmer. Bedrifts-medlemmene er som følgjar:

Lie Gruppen, Maron AS, Coast Center Base AS,Mento AS Bergen, Fjell Industrier A/S, Turøy & Algrøy Byggm. AS, Sekkingstad AS, Brødrene Ulveseth AS, Ågotnes Sveis

Styret oppfordrar alle til å koma med forslag til bedrifter som kan støtte laget og om personar som ønskjer å bli medlem.

 

Kystlaget har i 2011 fått desse ekstraordinære tilskot, : Kr. 4000,- frå Kystsogevekene til Langøymarknaden, Kr. 25000,- frå Fjell kommune til innreiding av Buanaustet, Kr. 2000,- frå Fjell kommune til drift av Fjell Kystlag, kr. 5000,- frå Fjell kommune til Landstevnet i Egersund.

Styret takkar alle medlemmene, bedriftsmedlemmene og alle andre som har bidrege med støtte til kystlaget i 2011. 

 

Kystlaget har bytta WEB-hotell og er i ferd med å leggje opp nye heimesider på internett. Ved byte av WEB-hotell sparer kystlaget 1200 kr i året, og vedlikehaldet av heimesida vert mykje enklare.

 

 Det er eit triveleg og uformelt miljø på dugnadane med stor innsats og med flotte resultat for laget vårt.

           

 

Fjell  20. februar 2011

 

 

Torgeir Evjen                                               Svein Arne Storesund

Leiar                                                             Skrivar

 

 

 

Startsiden