Referat frå årsmøte 2011

Tid

14. mars 2011, kl 19.00 – 20.45

Stad

Fjell rådhus

Til stades

23 frammøtte medlemer: Svein Tore Solsvik, Einar Landro, Gudmund vindenes, Vidar Tveranger, Solfrid Tveranger, Frank Cleveland, Hans M Vindenes, Dag Sekkingstad, Hans Olav Fjell, Johnny Eide, Einar Ingebrigtsen, Svein A Ulveseth, Terje Larsen, Rolf Henriksen, Reidar Kausland, Arne Lohne, Svein-Arne Storesund, Inge Kolltveit, Nils Risholm, Anne Grete Aase Eide, Gudveig Lillebø og Torgeir Evjen.

Innkalling og sakliste

·       Innkalling, årsmelding og rekneskap var sendt ut til medlemene to veker før møtet

·       Torgeir Evjen og Kristian Nordtveit vart valde til å skriva under på referatet frå årsmøtet.

·       Ordstyrar: Torgeir Evjen 

·       Skrivar: Gudveig Lillebø

Sak nr

Saker

Ansvar

1

Årsmelding

Leiar gjekk gjennom årsmeldinga for 2010. Det kom inn nokre små justeringar, bl.a. om kva båtar som hadde vore på sjøen.

Vedtak:  Årsmeldinga vart godkjent med akklamasjon.

 

2

Rekneskap

Kasserar gjekk gjennom og orienterte nærare om rekneskapen for 2010. Årsmøtet hadde ingen merknader til at overskot på rekneskapen kan brukast til å betala ned på lånet kystlaget tok opp i samband med bygging av Buanaustet.

Vedtak:

1.      Rekneskapen godkjent utan merknader

2.      Styret får fullmakt til å betala ned på lånet i Sparebanken Vest

 

 

3

Fastsetjing av kontingent

Kontingenten er for tida kr 250 per år.

Vedtak: Kontingenten blir uendra i 2011.

 

4

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Val av leiar, styremedlem, varemedlem, revisor og valnemnd

Leiar i valnemnda  orienterte om kven som stod på val. Gudveig Lillebø hadde på førehand meldt at ho ikkje ønskte å halda fram som sekretær.

 

Styret i Fjell kystlag 2011:

·         Torgeir Evjen, leiar                               

Styremedlemer:

·         Kristian Nordtveit, attval for to år

·         Svein-Arne Storesund, ny, valt for to år

·         Anne Grete Aase Eide  - ikkje på val              

·         Nils Risholm                 - ikkje på val                                 

 

Varamedlemer:

·       Helge Skoge

·       Karsten Solsvik

Revisor: Torill Solsvik (ny)

Festnemnd/aktivitetsnemnd:

·       Kristian Nordtveit

·       Hans Olav Fjell

Det kom forslag om å utvida nemnda til fem personar. Styret fekk fullmakt til å ordna dette.

 

Valnemnd:

·       Inge Kolltveit                                          

·       Einar Ingebrigtsen                       

·       Svein-Tore Solsvik

                                  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

5

Orientering om styret sitt forslag til arbeidsplan for 2011

Arbeidsplan for kystlaget i 2011 vart lagt fram i møtet. Leiar orienterte om dei ulike aktivitetane i planen.

Vedtak: Arbeidsplanen vart godkjent.

 

 

6

Orientering om førespurnad frå Stiftinga Langøy om hjelp til drift av Langøy Kystkultursenter. Drøfting og vedtak av kva kystlaget kan ta på seg av arbeid i samband med drift av Langøy Kystkultursenter

Leiar orienterte om samtaler med Stiftinga Langøy om kystlaget kan organisera aktuelle aktivitetar ved Langøy Kystkultursenter i 2011, og eventuelt få med andre lag og foreiningar til å stå utføra det praktiske arbeidet med søndagsopen kafé, Langøymarknaden og andre tiltak for å halda oppe tilbodet til publikum.

Vedtak:

Fjell kystlag går inn for eit samarbeid med Stiftinga Langøy om drift av Langøy Kystkultursenter. Styret får fullmakt til å oppretta ei nemnd til å ta seg av dette arbeidet.

Da oppgåvene i første rekkje vil vera arrangement knytt til kystkultur, må kystlaget også ha eit nært samarbeid med Fjell kommune og lokale lag og verksemder.

 

 

7

Orientering om og drøfting av langtidsplan/strategiplan for kystlaget

Leiar orienterte om bakgrunnen for å utarbeida ein strategiplan for kystlaget.

Ingen merknader.

 

 

 

 

Torgeir Evjen                                    Kristian Nordtveit

 leiar                                                                               

 

 

 

 

Gudveig Lillebø,

skrivar