Startsiden

 

 

      SMIO I SUNDET

 

 

Storesund -Syltøyna eit møte med vår nære kysthistorie. Her handla det om å laga mykje av lite...

Smia og strandområdet den står på var selt ut av familien Storesund tidleg på 1980-talet. Fjell kommune og
Fjell Kulturminnelag overtok smia, og etter en del år vart den overført til Fjell Kystlag. Kulturminne som ikkje
er i bruk, forfell fort, og det må til ein god del arbeid for å setja hus og utstyr i fullgod stand.
Men sjølv om mykje er i forfall, har vi her ein levande dokumentasjon på var nære fortid, på korleis folk med
enkle midlar klarte å laga funksjonelle 1øysingar.

Ved sida av smia ligg ei kystkulturperle i privat eige, N.O.P. Storesund Landhandel. I lokala finn vi i dag ein
velhalden og interessant presentasjon av båtmotorar, landhandel og postkontor. Den som ønskjer å gjenoppleva
eit ekte kysthistorisk miljø, kan etter avtale med Egil Storesund få omvising i landhandelen.  tlf 56333846,

 

 

Smia

Her dreidde det seg om dreiing og svelsing. Smia vart bygt ca 1927 av utrangert utstyr som vart flytta hit frå
Hermansverk i Sogn. Føremålet med smia var først og fremst reparasjon av båtutstyr og båtar på slippen utanfor.

Birger Storesund dreiv smia til han døydde i 1960. 

Ein gammal oppfyringsmotor på vestveggen av smiebygningen dreiv smia om dagen. Når det mørkna fekk dei
nok straum frå lysverket på Skålevika. Først i krigsåra fekk dei nok straumtilførsel. Motoren vart då fjerna.

 

Mykje av lite

Birger var ein tusenkunstnar som fekk til det meste, og han sat ofte til langt utover kveldane og teikna og konstruerte.
Då radioen kom til øya, lytta han gjerne til musikk medan han klekte ut praktiske, rimelege 1øysingar som kunne
letta kvardagsslitet. Han laga båtmotorar og båtutstyr -som regulatorar i messing til Rubbmotorane, vinsjar til doryane
(til å snurpa nota saman med), notruller og handspel. I tilknyting til smia hadde dei ein slipp for båtar inntil 55-60 fot,
og her var det stadig innom båtar for smøring og reparasjon.

Til lysverket på Skålvika laga Birger beslag og anna utstyr, og hadde vedlikehaldet på turbinane der. Vidare hjelpte han
Gunnar Monsen med reparasjon av rutebilane i rutebilgarasjen på Møvika. Han konstruerte og ein vinsj med to stag som
han prøvde å få patent på. Vinsjen vart leigt ut til vegarbeid og byggjearbeid, blant anna brukte Alfred Andersen den da
han bygde Ulveset skule. (Vossa-vinsjen byggjer på same prinsipp som denne vinsjen.) Birger laga og portar og flaggstenger,
og dei pryder framleis uteområder ved bedehus, skular og private hus.

Odd G. Storesund var med faren i smia gjennom heile oppveksten, og lærde reparasjonsarbeidet heilt fra grunnen av.
Han overtok drifta da Birger døydde, og dreiv smia til ca 1980. Odd hadde vedlikehald på gamle båtmotorar og laga praktisk
utstyr til hus og heim - som portar, blandemaskiner, flaggstenger og klessnorstativ. Då Mowi etablerte fiskeoppdrettsanlegg
ved Møvika, begynte han i arbeid der og brukte smia til vedlikehaldsoppdrag for Mowi.