Startsiden

 

 

 

Buanaustet

 

Ophaveleg kjem Buanaustet frå Nordvik der det vart reist kring førre århundreskifte. På kaien der det

stod skulle det reisast eit nytt naust og Fjell Kystlag fekk i 2005 tilbod om å overta det gamle naustet

mot at me reiv det. Dette vart gjort, men det synte seg at det var lite av det gamle materialet som

kunne nyttast, eigentleg ingenting viste det seg. Sidan planløysinga i naustet var god fann laget at

det var eit slikt naust me ville ha på Hengjakaien i Mathopen på Ågotnes attmed Giertsennaustet.

Me fekk løyve både frå CCB som eig området, og Fjell kommune til å byggje dette. Det var noko

grunnarbeid som måtte gjerast før me kom i gang, me måtte ha ny veg eit stykkje for å komma til.

Støyping av fundamentet tok til i 2008-2009, å skaffa nye material tok sin tid. Men 3 august 2010

tok arbeidet med reisinga av naustet til, og under kyndig vegleding av Vidar Tveranger vart naustet

reist og tett til jul same året, som planlagd. Heile hausten var det arbeid på naustet. Det var mellom
8 og 10 mann på kvar dugnad, på det minste var det arbeidet tre dagar i veka. Det er lagd ned meir

enn 1000 timar arbeid, og noko kaffi, frå grunnmur til tett naust.

I første høgdi er det satt av eit rom som skal innreiast slik at me kan utføre varmt arbeid, mekanisk

verkstad for motorar og like. Resten av plassen skal då nyttast til båtar, lagring og vøling.

Andre høgdi skal nyttast til seglloft, møtestad og gildesal.

 

Det er eit stort løft for laget å reise dette naustet, me hadde ikkje så mykje pengar på bok så me

måtte ta opp eit lån i Sparebanken Vest på kr. 250 000.- med nokså kort nedbetalingstid.