Startsiden

Styremøte 04/04-2013

 

Tilstade: Frank Cleveland, Terje Larsen, Svein-Arne Storesund, Anne Grethe Aase Eide, Karsten Solsvik og Bjørn Kleivenes og Kristian Nordtveit

 

Saksliste:

1.     Konstituering av styret

2.     Prisliste slippen på Storesund

3.     Avtale om båtplass og andre tenester for Bergen og omegn friluftsråd

4.     Sende brev til Fjell kommune om å overta det formelle ansvar for drift av
 Storesund

5.     Fjell kystlag sitt forhold til forbundet kysten

6.     Budsjett 2013

7.     Handlingsplan

8.     Orientering om søknader som er sendt

9.     Pris på fotobok

10.Eventuelt

 

Sak 1:Konstituering av styret

Frank Cleveland, leiar

Kristian Nordtveit, nestleiar

Anne Grethe Aase Eide, rekneskap

Svein-Arne Storesund, skrivar

Karsten Solsvik, styremedlem

Terje Larsen, vara medlem

Bjørn Kleivenes vara medlem

Svein Tore Solsvik var spurt om han kunne vere studie ansvarlig og utarbeide eit kursopplegg for kystlaget. Det sa han seg villig til.

 

Sak 2: Ny prisliste for slippen på Storesund.

Nils Risholm hadde laga eit forslag til ny prisliste.

I tillegg til denne prislista som vart vedtatt vart det også vedtatt ½ pris for medlem i kystlaget om dei har deltatt på 10 dugnader eller meir. Alle andre medlem får kr. 250 i rabatt. Ny prisliste vert lagt ut på heimmesida og slått opp på veggen på Storesund.

 

Sak 3: Avtale med Bergen og omegn friluftsråd

Det utarbeidas et forslag til avtale der Fjell Kystlag tilbyr båtplass og tilleggstenester som tilsyn, slipping, bunnsmørning, reingjøring og enkelt vedlikehald av motor. I tillegg kommer også biloppstilling plass.

Forlag kr. 5000,- for båtplass, kr. 10000,- for alle tilleggstenester.

Kystlaget må få et møte med Åge Landro i Bergen og omeng friluftsråd for å få stand denne avtalen. Om mulig eit møte i slutten av april Svein-Arne tar kontakt med friluftsrådet.

 

Sak 4: Brev til Fjell kommune om å overta det formelle ansvar for drift av Storesund.

Det er Stiftinga Langøy som har den formelle avtale med Fjell kommune om disponering av Storesund. Dei ønskjer at kystlaget skal formelt overta. Fjell Kystlag har i praksis dette ansvaret og vil derfor sende eit brev til Fjell kommune og ber eit møte der vi kan formelt overta disponeringa av Storesund. Dette bør være ordna i god tid for Langøystiftinga sin avtale med Fjell Kommune går ut i 2014. Spesielt er der no viktig å få ein formell avtale etter som entreprenøren Hjartøy tar seg til rette på Storesund. Det er viktig å få veta kva slags avtale Hjartøy har med Fjell kommune. Frank tar seg av denne saken.

 

Sak 5: Fjell kystlag og forbundet kysten.

Forbundet kysten hevdar at ein ikkje kan være bare medlem i Fjell kystlag.

Fjell Kystlag har forslag til løysning:

3 type medlemskap, medlem i Fjell kystlag og Forbundet kysten, støttemedlemskap i Fjell kystlag med alle rettigheter og bedriftsmedlem.

Fjell Kystlag ønskjer ein dialog med Forbundet Kysten om denne saken. Om Forbundet Kysten ikkje kan godta dette er det stor fare for at Fjell Kystlag melder seg ut av Forbundet Kysten og lar dei som ønskjer det ha individuelt medlemskap i Forbundet Kysten. Fleirtalet av Fjell Kystlag sine medlem er ikkje medlem i Forbundet kysten.

 

Sak 6: Budsjett

Torgeir Evjen hadde utarbeid eit forslag til budsjett som vart vedtatt.

  

Sak 7: Handlingsplan

Styre må komme med ein liste over båtar som skal på sjøen i år og kven som skal være mannskap.

Det må etablerast ein vaktordning for båtane i ferien

Om det lar seg gjennomføre bør desse båtane være med til Torgdagen:

Sekseringen, Postbåten, Sølendingen. Laromsbåten,  Gråsida, Osvalden, Sotrabuen, Ole P, ein gavlebåt, Karsten og Svein Tore sin skøyte og Kuttaren til Ekerhovd.

Gråsida og Osvalden skal nyttes til vaktbåtar og må være i byen om kvelden før torgdagen.

Vaktordning må være klar til Torgdagen

Tidlegare år har det vært samling av båtar i Strusshamn for så å gå samla inn til opninga av Torgdagen. Dette er ein tradisjon som bør takas opp at.

Skal vi ha ope kafé på Langøy i år? Då bør vi få ein driftsgaranti frå Fjell kommune. Vi bør kalle inn til eit møte med Lokøy vell, Urtebakeriet, Algerøy vell og andre aktørar for å få vite om dei er interessert i å ha ope kafé på Langøy i sommar.

Gudveig Lillebø og Hans Olaf Fjell må få formell beskjed om at det blir Langøymarknad i år. Er det mulig å få til eit møte i uke 15 om Langøymarknaden. Vi må bestille bollar, men ikkje så mange som i fjor.

Til hausten blir det krabbe fest, i Januar/februar torskeaften, juleavslutning på Storesund og eit medlemsmøte i 2013

Viss det blir havfestival stiller Fjell kystlag med ope naust, ope smie og har sal av laks, potetsalat, brød vaflar og kaffi.

 Møteplan: Styremøte 1 gang annen kvar månad om måndagar 6/5, 3/6, 19/8, 7/10 og 25/11. Vi møtes på Storesund kl. 19.00

  

Sak 8: Orientering om søknader.

Frank og Svein Arne står for innsending av søknadar. Det er sendt inn 5 så lang 2 Fjell kommune om driftstøtte og bevaring av kulturminne. 1 søknad til sparebanken vest om støtte til restaurering av doryen Ole H. 1 søknad til If om støtte til brannsløkkingsutstyr i Buanaustet og 1 søknad til Marine Haverest om støtte til restaurering av doryen Ole H.

 

Sak 9: Pris på fotobok

Prisen på fotobok blir 375.-

Bestillingsliste på Ågotnes og info om fotoboken på e-post til medlem.

 

Sak: 10: Eventuelt

Rekning frå Ågotnes båtlag på strøm 3 år tilbake. Skal vi godta den ? Frank tar dette opp med båtlaget.

Kjell Åse har laget songar, kan vi bruke dei i vårt songhefte? Anne Grethe tar kontakt.

Heimmesida bør oppdaters med fleire bildar.   

 

 

Frank Cleveland                         Svein-Arne Storesund 

Leiar                                         Skrivar