Startsiden

 

Referat frå årsmøte 23013

 Måndag 18/3, kl. 19.00

Tranevågen ungdomsskule

 

 

Det møtte 28 medlemmer.

 

Det var ingen merknader til innkallinga.

 

Sak 1: Val av ordstyrar og skrivar:

Hans Matias Vindenes ble valt til ordstyrar og Svein-Arne Storesund til skrivar.

 

Sak 2: Årsmelding

Frank Cleveland las årsmeldinga.

Samrøystes vedteke med noen endringar. Lista over bedriftsmedlem var ikkje komplett. Maronn var næmt 2 gonger og Brødrane Ulveseth var ikkje med.

 

 

Sak 3: Rekneskap

Rekneskapet som godkjent utan merknader. Vi har ein strammare økonomisk situasjon i 2012.

 

Sak 4: Fastsetjing av kontingent

Styret sitt forslag om at kontingenten vart uendra, vart samrøystes vedteke.

Det vart ein diskusjon om årsmåte kunne vedta eller endre kontingent fordi dette var i mot vedtektene til Forbundet Kysten som Fjell Kystlag er medlem i. Dette er en sak som vi må få klarhet i.  Årsmøte forslo å sette ned ein arbeidsgruppe som kom med forslag til løysning på konflikten med Forbundet Kysten.

 

Sak 5: Val av leiar, styremedlem, vara medlem, revisor og valnemnd

Nytt styre:

Leiar                     : Frank Cleveland

Styremedlem        : Anne Grethe Aase Eide         

Styremedlem        : Kastein Solsvik   (ny for 1 år)

Styremedlem        : Svein-Arne Storesund (attval)

Styremedlem        : Kristian Nordtveit         (attval)      

 

Vara medlem        : Terje Larsen       (attval)

Vara medlem        : Bjørn Kleivenes  (ny)

 

Valnemnd    : Torgeir Evjen               (attval)

                    Svein Tore Solsvik         (attval)

                    Jan Bjorøy                    (attval))

        

Revisor        :Torill Solsvik (attval)

 

Leiar festnemnd: Kristian Nordtveit   (attval)

Terje Larsen       (attval)

Kjell Nilsen                   (attval)

Rolf Henriksen    (attval)

Ivar Glesnes       (attval)

Willy Toft            (attval)

Inge Kolltveit      (attval)

Karsten Solsvik   (attval)

Hans Olav Fjell   (ny)

Bjørn Olaf Kleivenes (ny)

 

Sak 6: Endring av vedtektene

Alternativ 2 ble vedtatt med noen små endringar i teksten.

 

 4. Val.

4.1. På årsmøte skal det veljast leiar, fire medlemmer og vara medlemmer til styret. Leiar blir valt for eitt år, dei fire medlemmane for to år og vara medlemmene for eitt år. Styret vel sjølv nestleiar, sekretær og kasserar.

4.2. Årsmøte vel tre medlemmer til valnemnd, for to år

4.3. Årsmøte vel 5 medlemmer til aktivitetsnemd, for to år.

4.4. Årsmøte vel revisor, for to år.

 

 

Sak 7: Årsmøte i Forbundet Kysten 2013.

Årsmøte vedtok å sende en representant til Forbundet Kysten sitt årsmøte i Bodø i april.

 

Etter årsmøte var det medlemsmøte.

Saker på medlemsmøte:

1.   Orientering ved Svein Tore Solsvik om NRK opptak på Torgdagen i forbindelse med ein programserie om Norges historie.

2.   Gjenopptaking av tradisjonen med å samle båtar Strusshamn på fredagskvelden før Torgdagen og kjøre samen inn til Vågen under opninga av Torgdagen.

3.   Orientering om vakthold og merking ved kaien fredag før Torgdagen og på Torgdagen

4.   Orientering om 30 årsjubileum

5.   Orientering om fotoboken som er laga til dette jubileum et.

 

 

Svein-Arne Storesund(sign.)

Skrivar